Referat fra medlemsmøte 24.11.2021.

Referat frå medlemsmøtet i PUiT 24. november 2021, kl. 1330, i MH vest: U.08.316 Cerebrum

 

 

Sylvia ønskte velkommen og introduserte Per Kyrre Reymert som heldt eit strålande og svært kunnskapsrikt foredrag om Svalbardtraktaten som blei etablert i 1920, og om utviklinga vidare. Han svarte etterpå på ei rekkje spørsmål frå medlemmene.

 

Saker til diskusjon:

 

Sak MM 1/21 Samarbeid med LOP Tromsø

Sylvia orienterte om haldningane i styret. Vi er samde om at vi vil kunne delta på kvarandres turar, gitt at det er plass. Medlemmer i LOP Tromsø blir inviterte til foredraga på medlemsmøta, men ikkje til sjølve møta.

 

Sak MM 2/21 Spørsmål om det er interesse for å ta opp ei sak om framtidsfullmakt og arv på eit seinare medlemsmøte.

Det viste seg at det var interesse for at det blir gjort, både om reglar for framtidsfullmakt og arv. I tillegg blei Den store arveboken, Dine Penger forlag 2009, tilrådd av eit medlem.

 

Sak MM 3/21 Ymse ekskursjonsidéar (på litt lengre sikt)

            Dette er dei planane som vi no skal forsøke å realisere:

  • Tur til Kiruna, ev. med stopp i Narvik for å besøke Campus Narvik. Sylvi Liljegran som har arbeidd mykje med forholda i Kiruna (flytting av byen mm), er interessert i å delta. Vi planlegg å be henne komme på eit medlemsmøte og orientere om det som skjer og planane framover.
  • Hurtigrutemuseet på Stokmarknes
  • Besøke campus Alta med høve til å besøke det gamle Nordlysobservatoriet på Haldde-toppen.
  • Medlemsmøte med tema psykisk helse blant eldre. Martin Bystad som Sylvia har vore i kontakt med, kan ikkje, men han tipsar oss om nokon annan.
  • Elles er det lista opp ein del andre planar (og kortare turar) i referatet frå førre styremøte.

 

Sak MM 4/21 Kurs i bildebehandling til våren

Styret arbeider vidare med dette og prøver å få til noko så snart som mogleg. Vigdis Jørgensen viste til at Seniornett skal ha eit slikt kurs i vårsemesteret. Vi kan ev. prøve å få nokon derfrå til å komme og halde kurs for oss.

 

Sak MM 5/21 Styrets arbeid med  TT-kort-ordninga

Sylvia orienterte om saka og fortalde at styret vil kontakte LOP sentralt og be dei engasjere seg. Elles vil styret kontakte fylkeskommunen og kommunen for å påverke til at det blir ein større grad av felles praksis landet over, og at dei som har rett til TT-kort, får om lag like vilkår.

 

Sak MM 6/21 Spørsmål om PUiT skal ytre synspunkt om ordninga med helseattest for bilførarar over 80 år.

            Saka blei trekt.

 

Sak MM 7/21 Status for prosjektet Historisk utstyr – avslutning

PUiT har avslutta prosjektet for sin del., men er opptatt av at universitetet tar ansvar for å lage ein organisasjon rundt dette materialet med registreringar, arkivering av foto o.a. Sylvia har vore i kontakt med instituttleiar på muséet, Geir Rudolfsen, som vil ta over saka og har lova å ivareta dei registreringane og det  fotomaterialet som finst. Dei miljøa som til no har vore involverte og har bidratt, er NT-fak., BFE, IVT-fakultetet i Narvik og lærarutdanninga (i samband med flyttinga til Breivika). Helse-fak. har dessverre ikkje vore med. Det bør arbeidast vidare med saka, og miljø som sit på historisk utstyr, ikkje berre teknisk utstyr, med bildemateriale o.a. bør få registrert det dei har. Det bør òg undersøkast om alt historisk materiale kan oppbevarast på det nye universitetsmuseet. Arbeidet vidare er ei oppgåva som universitetsleiinga bør ta ansvaret for.

 

 

Tove Bull

    ref.

@