Referat fra styremøte 15.09.21.

Referat frå styremøtet i PUiT 15. september 2021, i Adm-bygget, B267, Grindøya

 

Til stades: Sylvia Labugt, Einar Størkersen, Sigmund Nordmo, Wenche Helen Bakkelund, Toril Hansen, Bernhard Sætre, Tove Bull.

Forfall: Else Stjernstrøm

 

Godkjenning av dagsorden.

Dagsorden godkjend med tre tilleggsorienteringssaker (8, 9 og 10) og to tilleggssaker (Sak 33 og 34)

 

Godkjenning av referat frå styremøtet 24.08.21.

Referatet godkjent.

 

Orienteringssaker

  1. Status for turen til Nordreisa 12. oktober.

Per 15.09. har 24 meldt seg på. Det er framleis nokre ledige plassar på bussen. Eit tilbod frå Bussring på NOK 11250 + moms er godtatt. Tidspunktet for avreise frå Prostneset må flyttast ein halv time fram, til kl. 0800. Sylvia sender melding til medlemmene om dette.

  1. Status for arbeidet med medlemsmøtet med påfølgjande julebord, 24. november.

Møtet blir halde i møterom 2, MH-bygget. Foredrag om “Alderdom og endringar” ved psykolog Martin Bystad (eller ein i hans stad). Lutefisk (+ dessert) på Arctandria. Alle betaler ein eigenandel på NOK 200 og også for eigne drikkevarer. Else tar ansvar for innkrevjing av eigenandelen. Sylvia sender ut informasjon om påmelding.

  1. Kontakt med universitetsleiinga om møte med det nye rektoratet.

Sylvia har vore i kontakt med Jørgen Fossland som lova å ta saka vidare.

  1. Sylvia har vore i kontakt med sentraladministrasjonen og spurt om å få nokre plassar på UiTs pensjonistkurs.

Administrasjonen driv på og planlegg neste kurs og lova å komme tilbake til saka.

  1. Sylvias kronikk om “Pensjonister, verdiskaping og livsløpsstandard.”

Sylvia orienterte om utviklinga i saka. Kronikken er send til “Vi i LOP” og bladet til Pensjonistforbundet, diverse aviser og enkeltpersonar. Tilbakemeldinga frå avisene er at teksten er for lang. Diskusjon om ulike måtar å få ut denne kronikken på. Styremedlemmene var einige om at det er ein viktig og opplysande tekst.

  1. Bidragsytarar til ulike aktivitetar framover.

Geoff. Corner har sagt seg villig til å ta ansvaret for ein geologitur til Breivikeidet, truleg i juni 2022. Per Kyrre Reymert vil gjerne komme på eit medlemsmøte og orientere om Svalbardtraktaten. Einar Størkersen er i kontakt med Forsvarsmuseet i Tromsø om ei omvising. Det må skje i sommarhalvåret. Museet er ope berre på laurdagar og søndagar, men Einar har fått lovnad om at vi kan komme ein annan dag også, etter nærmare avtale.

  1. Protokoll frå siste sentralstyremøte i LOP. Tatt til orientering.
  2. Wenche har på nytt vore i kontakt med Alta om å få starta ei pensjonistforeining på Campus Alta. Vanskeleg å få leiinga i tale. Tove skal til Alta 1. oktober i eit anna ærend på universitetet der og skal prøve å få tatt opp saka da.
  3. Einar har undersøkt pris for eit sett headset til bruk under omvisingar for å gjere det lettare å høyre kva som blir sagt, særleg når det er mange til stades. Prisane er for høge.
  4. Sigmund orienterte om at PUiT har fått to nye medlemmer. Vi er til saman 157 per i dag.

 

Sak 29/21. Endring av § 3 i vedtektene.

Endringsforslaget har denne ordlyden:

Foreningen ledes av et styre som velges på årsmøtet. Funksjonstida er to år, men likevel slik at halvparten av styret står på valg hvert år.

Gjenvalg er mulig.

Styret består av leder og sju medlemmer.

Styret organiserer selv sitt arbeid ut over lederfunksjonen. Styret er beslutningsdyktig når minst fem medlemmer er til stede. Styresaker avgjøres med alminnelig flertall.

Regnskapet godkjennes av to revisorer før årsmøtet.

 

Sak 30/21. Organisering av styrets arbeid.

Einar hadde førebudd saka og foreslo ei klarare arbeidsdeling mellom styremedlemmene. Styret kom fram til ein grov årsplan og følgjande arbeids- og ansvarsdeling, samstundes som vi ønskjer å ta dette opp på neste medlemsmøte.

Talet på medlemsmøte: to i haustsemesteret og tre, inkludert årsmøtet, i vårsemesteret. Om og eventuelt i kor stor grad vi skal prøve å trekke inn medlemmer utanfor styret i arbeidet, vil vi òg diskutere på neste medlemsmøte.

Arbeidsdeling:

Medlemsmøta – Sylvia og Tove

Omvisingar i Tromsø (byvandringar, Botanisk hage o.a.) – Toril og Einar

Turar utanfor Tromsø:  Sigmund og Bernhard

Kurs – Wenche og Else

Julebord – Else (Sylvia sender innkalling)

Sylvia vil sjekke om også Sigmund og Tove (kasserar og sekretær) kan nytte den ferdige e-postlista over medlemmene. Hittil er det berre Sylvia som har kunna bruke den, og forsøk på å få dette endra, har stranda.

 

Sak 31/21. Samarbeid med LOP Tromsø.

Semje om at LOP-medlemmer kan inviterast med på turar og også på foredragsdelen på medlemsmøta. Av plassomsyn må PUiT-medlemmer prioriterast, og det må derfor setjast ein seinare påmeldingsfrist for LOP-Tromsø-medlemmer.

 

Sak 32/21. Aktivitetar frå og med vårsemesteret 2022.

Førebels er lista tentativ. Styret vil leggje endeleg møteplan på neste styremøte, 20.10.

Besøke Forsvarsmuseet i mai, førebels dato: 12. mai.

Botanisk hage, førebels dato: 14.06.

Geologitur til Breivikeidet, førebels dato: 27.06.

Byvandring – siste halvdel av august.

Eventuell tur til Alta, september.

Bridgen er i gang igjen. Thale Henden er kontaktperson.

Kurs i bildebehandling – Wenche og Else sjekkar.

Eventuelt foredrag om arv og framtidsfullmakt i samband med årsmøtet. Spørje neste medlemsmøte om det er interesse for det.

Harstad er eit interessant reisemål. Sameleis Narvik, eventuelt i samband med ein lengre tur til Kiruna. Styret tar mål av seg til at vi skal besøke også andre UiT-campus.

 

Sak 33/21: Partnar med på tur?

Vi er blitt spurde om det er ok å ta med partnar (ikkje-medlem) på turane våre. Så langt det er plass, ønskjer vi partnarar velkomne. Same betaling som for medlemmene.

 

Sak 34/21: Vervekampanje LOP.

LOP sentralt ønskjer at  medlemmer av LOP skal bidra aktivt i ein medlemsvervekampanje dei har. Vi tar saka til orientering og ønskjer primært å verve medlemmer til PUiT.

 

Tove

ref.

@