Referat fra styremøte 20.10.2021.

Referat frå styremøtet i PUiT 20. oktober 2021, i Adm-bygget, B267, Grindøya

 

Til stades: Sylvia Labugt, , Sigmund Nordmo, Wenche Helen Bakkelund, Toril Hansen, Else Stjernstrøm, Bernhard Sætre, Tove Bull.

Forfall: Einar Størkersen

 

Godkjenning av dagsorden.

Dagsorden godkjend med ei endring: Orienteringssak 6 (Kontakt med pensjonistar frå Campus Alta om samarbeid) blir flytta til saklista (Sak 37/21).

 

Godkjenning av referat frå styremøtet 15.09.21.

Referatet godkjent.

 

Orienteringssaker

  1. Orientering frå turen til Nordreisa. Trass i at det var ei lang bussreise att og fram på dagen, har styret fått mange positive tilbakemeldingar. Flott omvising på Halti med orientering om Halti nasjonalpark i tillegg. God mat på Bios, hyggeleg kaffistopp i Skibotn. Trivelege folk som såg ut til å trivast i selskapet til kvarandre.
  2. Om UiTs pensjonistkurs. Sylvia har fått tilbakemelding om at kurset ikkje blir avvikla i haustsemesteret.
  3. Fleire brukarar av PUiTs mailkonto. Det er lagt til rette for at kasserar (Sigmund) og sekretær (Tove) skal få tilgang til denne kontoen.
  4. Meiningsytring om “Pensjonistar, verdiskaping og livsløpslevestandard”. Kronikken til Sylvia er no trykt i avisa iTromsø (18.10.21)og skal også trykkast i medlemsbladet til LOP (Vi i LOP).

 

Sak 35/21. Dagsorden til medlemsmøtet 24. november.

  • Styremøte kl. 1200.
  • Medlemsmøte 1330. Stad: MH 2, rom, Cerebrum.
  • Det trengst ikkje påmelding til medlemsmøtet. Enkel servering: kaffi, te og små/pepparkaker.

 

  • Saker til møtet:

 

  • Samarbeid med LOP Tromsø

 

  • Ta opp spørsmålet om medlemmene ønskjer at vi på eit seinare tidspunkt skal ta opp ei sak om arv og framtidsfullmakt.

 

  • Lufte idear om ekskursjonar (på litt lengre sikt): Kiruna (eventuelt med stopp i Narvik), Hurtigrutemuseet i Stokmarknes (bygget har fått ein internasjonal stålpris).

 

  • Kurs i bildebehandling til våren. Kontakte ei AV-avdeling. Else og Wenche tar ansvar for å førebu dette.

 

  • Eventuelle ønske om aktivitetar frå medlemsmøtet?
  • Jf. Sak 32/21 om aktivitetar frå og med vårsemesteret 2022.

 

  • Kl. 1500 Foredrag v/Martin Bystad om eldres liv og psykiske helse.

Medlemmer av LOP Tromsø blir inviterte til å delta i foredragsdelen av møtet.

Sylvia innkallar til møtet og inviterer LOP Tromsø til å delta på siste delen av møtet.

 

Lutefiskmiddag på Arctandria kl. 1730. Else krev inn eigenandelen i samarbeid med Sigmund.

 

Sak36/2021 Møteplan for vårsemesteret.

26.01.2022 Styremøte

23.02.2022 Styremøte og medlemsmøte

23.03.2022 Styremøte og årsmøte

20.04.2022 Styremøte

14.06.2022 Styremøte og medlemsmøte kombinert med omvising i botanisk hage.

 

Sak 37/2021. Kontakt med pensjonistar frå Campus Alta om samarbeid

Tove har vore i Alta i eit anna ærend. Der var også Sonni Olsen, noverande dekan på HSL–fakultetet. Ho har jobba i Tromsø i mange år, men hadde ei fagleg stilling i Alta. No flyttar ho tilbake til Alta frå og med 2022. Ho pensjonerer eg ikkje direkte, og vil få ein arbeidsplass på Campus Alta. Ho har lova å ta kontakt med pensjonistar frå Campus Alta for å få starta ei pensjonistforeining der.

 

Tove

Ref.

@