Referat fra styremøte 24.08.21.

Referat frå styremøtet i PUiT 24. august kl. 1300, 2021, i Adm-bygget B269: Håkøya

 

Til stades: Sylvia Labugt, Einar Størkersen, Sigmund Nordmo, Wenche Helen Bakkelund, Toril Hansen, Else Stjernstrøm, Tove Bull.

Forfall: Bernhard Sætre

 

Godkjenning av dagsorden. Dagsorden godkjend.

Godkjenning av referatet frå styremøtet 02. juni 2021. Referatet godkjent.

 

Orienteringssaker

  1. To nye medlemmer innnmelde i PUiT
  2. Byvandringa i Sørbyen 21.06. var svært vellykka. Vi tar sikte på å gjenta desse byvandringane årvisst.
  3. Omvisinga i Botanisk hage med Arve Elvebakk var ei oppleving for alle som deltok. Fint ver og ein lærerik og inspirerande orientering. Vi bør få til ei tilsvarande omvising til våren/forsommaren neste år.
  4. Den planlagde visinga av filmen om Hansine Hansen i Breivika måtte skrinleggjast av logistiske grunnar. Styret konstaterte at filmen er vist fleire gonger, så vi legg saka på is, iallfall inntil vidare.
  5. Mogleg foredrag frå Statens pensjonskasse også skrinlagt. Prisen blei for høg. Sylvia tar kontakt med Jan Ove Mortensen i Personalavdelinga om tidspunkt for kurs for kommande pensjonistar som universitetet arrangerer.
  6. Samarbeid med LOP Tromsø.

Sylvia, Sigmund og Einar deltar på eit møte med LOP.

  1. Ajourføre teksten om PUiT på LOPs nettside. Sigmund tar seg av det,
  2. Kronikk om pensjonistar, verdiskaping og livsløpslevestandard av Sylvia. Ho planlegg å sende kronikken til medlemsblada til LOP og Pensjonistforbundet. Dessutan til Aftenposten og Klassekampen + lokalavisene.

 

Sak 25/21 Endring av § 3 i vedtektene om styrets samansetting og styrets arbeid.

Einar har førebudd saka, og saksdokumentet var sendt ut på førehand. Framlegget hans vil bli lagt fram for neste medlemsmøte (24.11.) til eventuell førebels godkjenning. Neste årsmøte vil etter det få seg forelagt framlegget til endeleg godkjenning:

Foreningen ledes av et styre som velges på årsmøtet. Funksjonstiden er to år, men likevel slik at halvparten av styret står på valg hvert år.

Gjenvalg er mulig.

Styret består av leder, syv medlemmer.

Styret organiserer selv sitt arbeid ut over lederfunksjonen. Styret er beslutningsdyktig når minst fem medlemmer er til stede. Styresaker avgjøres med alminnelig flertall.

Regnskapet godkjennes av to revisorer førårsmøtet.

 

Sak 26/21 Aktivitetsplan for resten av 2021 og vår 2022

  1. Bridge – startar opp i haust
  2. Dagstur til Nordreisa tidleg i oktober med buss, museumsbesøk og lunsj på BIOS. Sigmund og Berhard (om han kan) tar ansvar for arrangementet.
  3. Medlemsmøte 24.11. på Linken (om mogleg). Foredrag om alderdom og endringar: Frå yrkesutøvar til pensjonist.

Forslag om å etablere ei eiga turgruppe skal takast opp på møtet; i tillegg vil vi ta opp spørsmålet om det er interesse for eit foredrag om arv og testamente, eventuelt framtidsfullmakt.

Etter møtet blir det lutefiskmiddag på Arctandria. Sylvia bestiller plass til 40. Det vil bli kravd ein eigenandel på NOK 150. Drikke skal betalast av kvar enkelt- Else tar ansvar for å ta inn eigenandelen.

 

Før møtet hadde Berhard sendt ut eit notat med fleire framlegg til aktivitetar.

  1. Styret tar sikte på å prøve å arrangere eit kurs i bildehandtering til våren.

Forslag om å organisere  opplegg for fysisk aktivitet og trening meinte vi derimot at det finst nok av i Tromsø.

  1. Sylvia undersøker med Geoff. Corner om han kan arrangere eit geologikurs til våren.
  2. Til årsmøtet tar vi sikte på å få Per Kyrre Reymert til å halde foredrag om Svalbardtraktaten.
  3. Eventuell ekskursjon til våren, anten til Kiruna eller til Alta.

 

Sak 27/21 Presentasjon av PUiT til det nye rektoratet

Sylvia tar kontakt med rektor og direktør.

 

Sak 28/21 Mogeleg kjøp av radiokommunikasjonsutstyr.

Einar undersøker.

 

 

Tromsø 24. august 2021

 

Tove

@