Referat fra styremøte 24.11.2021

Referat frå styremøtet i PUiT 24. november 2021, i MH vest: U.08.316 Cerebrum

 

Til stades: Sylvia Labugt, Einar Størkersen, Sigmund Nordmo, Else Stjernstøm, Toril Hansen, Bernhard Sætre, Tove Bull.

Forfall: Wenche Helen Bakkelund

 

Godkjenning av dagsorden.

Dagsorden godkjend med ei ekstra referatsak (ref.sak 6)

 

Godkjenning av referat frå styremøtet 20.10.21.

Referatet godkjent.

 

Orienteringssaker

  1. Medlemsliste per 011.2021. Medlemstalet var da 159 ifølgje Sigmunds oppdateringar.
  2. Sigmund har sendt faktura til universitetsleiinga på NOK 89500 for dei registrerte 159 medlemmene.
  3. Oppdatering om kontakt med pensjonistar på Campus Alta.

Ikkje noko nytt i saka. Tove tar kontakt med Sonni Olsen litt ut på nyåret. Da vil ho vere flytta tilbake til Alta.

  1. Tilgang til PUiTs mailkonto. Status.

Kasserar og sekretær har fått slik tilgang. Tilgangen er ikkje prøvd ut i praksis enno.

  1. Referat frå siste sentralstyremøte i LOP i Oslo 26., 27. og 28. oktober 2021. Einar orienterte. Han har som vararepresentant til sentralstyret etterlyst ein plattform for LOP. Arbeidet med ein slik plattform vil bli sak på neste styremøte i PUiT. Ein idé som Einar nemnde som vi kan følgje opp, er å få ein representant frå Tromsø bibliotek (fylkesbiblioteket eller universitetsbiblioteket) til å komme på eit haustmedlemsmøte og orientere om årets bøker og ev. Gjere det til ei årviss sak.
  2. Einar orienterte om at han har vore i kontakt med Forsvarsmuseet v/Gunnar Nerdrum om besøk og omvising til våren. Han tar kontakt ved påsketider.
  3. (også ekstrasak) Det var 41 påmelde til lutefiskmiddag.

 

Sak 38 21. Arbeidet med kurs i bildebehandling (planlagt til våren)

Wenche har hatt kontakt med IT-avd. på Helse-fak. Innhaldet i eit slikt kurs er noko uklart og må presiserast betre. Det blir arbeidd vidare med saka.

 

Sak 39/21. Ordninga med TT-kort i Tromsø.

Sylvia orienterte. Ho har funne ut at løyvingane til TT-kort som kjem frå fylkeskommunen og blir fordelte til kommunane, varierer      svært mykje i storleik mellom dei ulike fylkeskommunane. I Troms og Finnmark er det ein fast sum ut frå kor i kommunen ein bur; for den enkelte rekk midlane ikkje langt, mens i Oslo (og Trondheim) får brukarane eit visst tal turar mot å betale ein eigendel det som svarer til prisane for kollektivtransport. Samferdsledepartementet har gjeve retningslinjer, men dei er ikkje lovpålagde. Styret etterlyser nasjonale standardar og vil kontakte LOP sentralt om saka og skrive til fylkeseldrerådet (med kopi til Tromsø eldreråd) om saka. Vi meiner ordninga i Oslo bør vere mønstergjevande. Sylvia skriv eit utkast som ho sender til styremedlemmene i første omgang.

 

Sak 40/21. Ordninga med helseattest for fornying av førarkort.

Saka blei trekt.

 

Sak 41/21. Prosjektet Registrering av historisk utstyr ved UiT. Status og ev. vidareføring.

PUiT har avslutta prosjektet for sin del., men er opptatt av at universitetet tar ansvar for å lage ein organisasjon rundt dette materialet med registreringar, arkivering av foto o.a. Sylvia har vore i kontakt med instituttleiar på muséet, Geir Rudolfsen, som vil ta over saka og har lova å ivareta dei registreringane og det  fotomaterialet som finst. Dei miljøa som til no har vore involverte og har bidratt, er NT-fak., BFE, IVT-fakultetet i Narvik og lærarutdanninga (i samband med flyttinga til Breivika). Helse-fak. har dessverre ikkje vore med. Det bør arbeidast vidare med saka, og miljø som sit på historisk utstyr, ikkje berre teknisk utstyr, med bildemateriale o.a. bør få registrert det dei har. Det må òg undersøkast om alt materialet som blir registrert, kan oppbevarast på det nye universitetsmuséet. Vidareføringa av arbeidet er ei oppgåva som universitetsleiinga bør ta ansvaret for.

 

Tove

ref.

@