Referat fra styremøte 26.01.2022

Referat frå styremøtet i PUiT 26. januar 2022 i Sentraladministrasjonen UiT, møterom Håkøya.

 

Til stades: Sylvia Labugt, Einar Størkersen, Sigmund Nordmo, Else Stjernstrøm, Toril Hansen, Bernhard Sætre, Wenche Helen Bakkelund, Tove Bull.

 

Godkjenning av dagsorden.

Dagsorden godkjend.

 

Godkjenning av referat frå styremøtet 24.11.21.

Referatet godkjent.

 

Godkjenning av referatet frå medlemsmøtet 24.11.2021.

Referatet godkjent.

 

Orienteringssaker

  1. Talet på nyinnmelde medlemmer dei siste to månadane. Fire nye medlemmer sidan siste oppdatering.
  2. Medlemsoversyn. Det er registrert 163 betalande medemmer.

Styret diskuterte (tentativt) den gamle ideen om å få etablert eigne pensjonistforeiningar på dei andre campusane, i første runde Alta. Det var semje om å ikkje fatte noko vedtak enno, men når vi veit at det vil komme lokal aktivitet i gang, vil tida vere inne til å avklare økonomiske spørsmål, i første runde mellom styra i Tromsø og Alta, og så i neste runde med universitetet. Så får Harstad og Narvik  eventuelt komme med etter kvart.

  1. Tilskotet til foreininga frå universitetet kom inn på PUiTs konto 25.01.2022.
  2. TT-kortordninga. Sylvia har vendt seg til Fylkeseldrerådet for Troms og Finnmark, Eldrerådet i Tromsø, LOP Tromsø og LOP sentralt. LOP sentralt har svart at dei vil leggje saka fram for arbeidsutvalet sitt. Elles har det ikkje komme nokon respons. Tove kunne fortelje at sekretæren for Tromsø eldreråd har orientert medlemmene av rådet om at det er komme ei sak frå PUiT, men saka er ikkje behandla i Eldrerådet. Tove vil etterlyse saka i neste møte i Eldrerådet.
  3. Sylvias kronikk om pensjonistar og verdiskaping er trykt i medlemsbladet til LOP (nr. 4 2021). Medlemsbladet er tilgjengeleg digitalt. Sylvia blei oppmoda om å sende kronikken til alle medlemmene våre og vil gjere det.
  4. Brev frå LOP om krav til dokumentasjon og signering av årsmelding, rekneskap og protokoll frå årsmøta i lokallaga, og dessutan om fristen for innsending av signerte dokument.
  5. Brev frå LOP om bokføring i lokallaga.
  6. Prosjektet registrering av historisk materiale.

Det er innkalla til møte  01.02.2022 der Sylvia møter for styret.

 

Sak 1/22 Mogelege aktivitetar i vårsemesteret -22.

Møteverksemd:

Styret har gått inn for at det skal arrangerast to ordinære medlemsmøte i tillegg til årsmøtet, medlemsmøte 23.02., årsmøte 30.03. (flytta frå 23.03.), medlemsmøte i tilknyting til omvising i Botanisk hage 14.05.

Andre aktivitetar:

Kurs i bildebehandling. Seniornett planlegg å arrangere eit slikt kurs. Vi ser for oss to alternativ: anten knyte oss til det planlagde kurset eller be Seniornett arrangere eit eige kurs for oss. Sigmund følgjer opp saka.

12.05. Besøke Forsvarsmuseet. Einar tar kontakt.

14.05. Omvising i Botanisk hage.

27.06. Geologivandring.

Ultimo august: Byvandring + lunsj på Full Steam og omvising i de nye sjøfart- og fiskerimuseet der

Større ekskursjonar:

Til Stokmarknes og Hurtigrutemuseet seint i mai (etter 17.). Vi planlegg ein todagarstur, mogleg med hurtigbåt til Harstad og stopp der på Campus Harstad og kunstsamlingane på Trastad, buss til Stokmarknes, ev. hurtigruta heim. Sigmund og Bernhard undersøkjer reisealternativ og prisar.

Styret vil rå det nye styret til å arrangere ein tur til Alta og Campus Alta i september/oktober. Ekskursjon til Kiruna må planleggjast på litt lengre sikt og vil eventuelt kunne gjennomførast i 2023.

 

Sak 2/22. Medlemsmøte 23.02.

Vi legg opp til å ha eit fysisk møte. Foredragshaldar psykolog Marta Maria Gorecka, spesialist i nevropsykologi, vil snakke om alderdom og endring.

Saker: § 3 i vedtektene må takast opp før årsmøtet. Einar førebur denne saka. I tillegg skal vi leggje fram aktivitetsplanen for vårsemesteret til diskusjon.

Praktisk arbeidsdeling: Sigmund skaffar gåve til foredragshaldaren frå Vinmonopolet.

Stad: Sylvia sjekkar med Linken og bestiller mat om vi får plass der. Tove sender innkalling og presiserer at det framleis blir kravd påmelding av smittevernomsyn.

 

Sak 3/22. Førebuande plan for årsmøtet 30.03.

Stad: Linken? Sylvia sjekkar. Tid: styremøte kl. 1130, årsmøte kl. 1300.

Påmelding: Tove

Årsmøtesaker: rekneskap, revidert budsjett (Sigmund), årsmelding (Sylvia). Årsmeldinga må ligge føre i korrekt versjon til neste styremøte, slik at alle styremedlemmene kan skrive under da.

Styret foreslår at medlemspengane for 2023 skal vere NOK 100 som tidlegare.

Aktivitetsplanen skal òg opp på årsmøtet.

Valkomiteen må aktiviserast. Einar tar kontakt.

Foredrag om arv og framtidsfullmakt. Einar tar kontakt med Senioruniversitetet for å finne ut kven dei brukte der til å halde foredrag om dette emnet.

 

Sak 4/22. Kronikk av Runar Bakken.

Tove hadde sendt ut ein kronikk om framtidig aldersomsorg, særleg sjukeheimsomsorg, til styremedlemmene. Styret var samde om å skrive til LOP sentralt og be dei arbeide for at det på statlig nivå blir vedtatt ei fast bemanningsnorm og fastsett minstekrav om utdanning og kompetanse for dei som blir tilsette i sjukeheimar.

 

Tove (ref.)

@