Referat fra styremøte 2. juni 2021.

Referat frå styremøtet i PUiT 2. juni kl. 1300 i Hiet, Adm-bygget

 

Til stades: Sylvia Labugt, Einar Størkersen, Sigmund Nordmo, Wenche Helen Bakkelund, Toril Hansen, Bernhard Sætre, Tove Bull.

Forfall: Else Stjernstrøm

 

 

Godkjenning av dagsorden. Dagsorden godkjend.

Godkjenning av referatet frå styremøtet 19. mai 2021. Referatet godkjent.

 

Sak 18/21 blei behandla før orienteringssakene, men blir referert i samsvar med innkallinga til møtet.

 

Orienteringssaker

  1. Trygdeoppgjeret.

Etter drøftingar mellom staten og pensjonistforeiningane er det klart at det blir ein viss årleg vekst og ein viss kompensasjon for nedgangen i kjøpekraft i 2020 pga 0,75 %-regelen. Saka er enno ikkje behandla i Stortinget.

(Lenker om saka til LOPs og Pensjonistforbundets nettsider)

  1. Kontakt med Statens pensjonskasse om foredrag.

Sylvia har hatt vanskar med å komme i kontakt med den aktuelle kontaktpersonen. Ho prøver ein gong til. Alternativet er å spørje universitetet om kven dei kjem til å invitere til å halde dei årvisse (?) kursa for arbeidstakarar som førebur seg til å gå av for aldersgrensa, og også undersøke om arbeidstakarorganisasjonane på universitetet har relevante kontaktar som dei bruker til tilsvarande formål. Tanken er da å invitere ein person som universitetet eller arbeidstakarorganisasjonane har gode erfaringar med, til å halde foredrag på eit medlemsmøte, og eventuelt kombinere det med at vedkommande likevel er her i Tromsø.

 

Sak 18/21 Konstituering av den nye styret

Sylvia Labugt – leiar

Einar Størkersen – nestleiar

Sigmund Nordmo – kasserar

Tove Bull – sekretær

 

Sak 19/21 Mogleg endring av styresamansettinga – vedtektsendring (Ref. Årsmøtesak ÅM 4/21)

Alternative løysingar blei diskutert. Konklusjonen blei eit framlegg om å endre samansettinga frå fem styremedlemmer og tre vararepresentantar til åtte faste styremedlemmer og ingen vararepresentantar. Dette vil krevje vedtektsendring på neste årsmøte. Einar skriv eit saksførelegg til neste styremøte.

 

Sak 20/21 Plan for aktivitetar for resten av 2021

Behandlinga av saka tok utgangspunkt i lista i Sak 14/21 og Sak ÅM 8/21.

  1. Før sommarferien satsar vi på å besøke Byvandring i Sørbyen med Erling Steenstrup som guide og lunsj etterpå. Bernhard kontaktar Steenstrup. Maks. 20 deltakarar. Påmelding og først til mølla-prinsipp.
  2. Botanisk hage i august og sjå film om Hansine Hansen, vonleg på Verdensteateret. Sylvia kontaktar Sirkka Seljevold om aktuell dato og ber Gerd Bjørhovde kontakte Verdensteateret. (Det var Gerd som foreslo at vi skal leige Verdensteateret).
  3. Besøke Tromsø forsvarsmuseum. Einar undersøker om det er mogleg.
  4. Bridgekurset – Toril kontaktar Thale om det.
  5. Tema for eit medlemsmøte i november (24.11.): alderdom og endringar ved psykolog Martin Bystad eller ein av hans kollegaer. Sylvia kontaktar Bystad. Etter møtet tar vi sikte på å gjenta den vellykka lutefiskmiddagen på Arctandria frå i fjor.
  6. Forslag om tema på eit medlemsmøte over nyttår: Framtidsfullmakt, arv og testamente.
  7. Turar for hausten/våren tar vi stilling til når pandemisituasjonen er meir avklara. Wenche baud seg til å kontakte nødvendige instansar for dei skisserte turane.

 

Sak 21/21 Møteplan styret for resten av 2021

18.08. Styremøte

15.09. Styremøte

20.10. Styremøte

24.11. Styremøte og medlemsmøte

 

Sak 22/21 Samarbeid med LOP Tromsø inkludert utveksling av møte- og aktivitetsplanar

Vi tar initiativ til eit møte med leiinga i LOP Tromsø. Sylvia, Einar og Sigmund møter for oss. Sigmund tar kontakt

 

Sak 23/21 Honorering av styrerepresentantar som fungerer i ca. ½ år (i lys av forseinka årsmøte).

Saka utgår.

 

Sak 24/21 Ajourføre PUiT-teksten på LOPs-nettside.

Sigmund og Einar tar ansvar for dette. Sylvia har ansvaret for heimesida vår på UiTs nettsider.

 

Eventuelt:

Sylvia orienterte om at ho har sendt protokollen for årsmøtet, årsmeldinga, rekneskapen og budsjettet til UiT. Det same skal sendast til LOP.

 

 

Tromsø 2. juni 2021

 

Tove

@