Referat fra styremøtet 30.03.2022.

Referat frå styremøtet i PUiT  30.03. 2022 kl. 1200 i Linken

 

Til stades: Sylvia Labugt, Einar Størkersen, Sigmund Nordmo, Toril Hansen, Else Stjernstøm, Bernhard Sætre, Wenche Helen Bakkelund, Tove Bull.

 

Godkjenning av dagsorden.

Dagsorden godkjend.

 

Godkjenning av referat frå styremøtet 23.02.22.

Referatet godkjent.

Oppsummeringa frå medlemsmøtet same dag blir tatt til orientering.

 

Orienteringssaker

  1. Tur til Harstad og Stokmarknes 19.-20-05.

Bernhard orienterte og la fram ein skriftleg plan for turen. Sigmund orienterte om prisar o.l. Han forslo at dei to som har jobba med å planlegge og inngå avtalar for turen, Bernhard og Sigmund, reiser for halv pris. Det slutta styret seg til og gav uttrykk for å vere svært tilfreds med jobben som er gjord. Deltakartalet blei sett til maksimum 40, minimum 30. Påmeldingsfrist: 20. april. Dersom det etter det er ledige plassar, kan medlemmer frå LOP Tromsø melde seg på med ein frist ei veke seinare. PUiT sponsar turen ved å betale for bussen, museumsomvising og kaffi på vegen frå Harstad til Stokmarknes.

  1. Sylvia har ein artikkel i siste nummer av “Vi i LOP”, “Arbeidstidsendringer og velferdsgoder i historisk perspektiv”.
  2. Behandling av TT-saka i Tromsø eldreråd. Tove fortalde at saka måtte utsetjast på siste møte i Eldrerådet, fordi den som skulle innleie frå fylkeskommunen hadde sjukdomsforfall.
  3. LOPs krav til statsbudsjettet 2023, jf. “Vi i LOP” nr. 1, 2022. Krava reflekterer godt det som er PUiTs oppfatningar.
  4. LOP har i brev til lokallaga bede om å få eit oversyn om inntektsgrunnlaget for laga.

PUiT er neppe representativ for alle lag; vi har eit godt økonomisk grunnlag, og det er enkelt for oss å sende eit svar til LOP sentralt.

  1. Tove fortalde at ho har vore i kontakt med Sonni Olsen i Alta som vil registrere pensjonistane frå campus Alta og prøve å få til eit lokallag. Sonni uttrykte at ho var glad for at PUiT planlegg eit Alta-besøk til hausten. Det vil kanskje hjelpe til med å få i gang eit lag i Alta.
  2. Sylvia reiser på kurs for tillitsvalde i LOP.

 

 

Sak 6/22. Fordeling av oppgåver under årsmøtet

Sylvia opnar møtet og ønskjer velkommen. Styret gjer framlegg om Einar som møteleiar, Sigmund presenterer rekneskapen, Sylvia foreslår to personar til teljekorp og to til underskrive protokollen og nemner òg at det ikkje er komne inn forlag frå medlemmene, men at styret hadde gløymt å minne om det føreåt. Sylvia orienterer om årsmeldinga, Einar presenterer framlegget om vedtektsendringar og Sigmund legg fram budsjettet. Sylvia presenterer så aktivitetslista.

 

Sak 7/22. Framlegg til moglege foredrag på framtidige medlemsmøte

På bakgrunn av at Sylvia fortalde at ho har hatt besøk av sjukepleiarar frå Helse og omsorg i kommunen som er i ferd med å kartlegge behov blant personar som høyrer til same årskull som henne, vedtok styret at vi vil invitere ein av dei til å halde foredrag på eit medlemsmøte. Styret ønskjer òg å ta opp verdien av alt frivilligheitsarbeid som eldre deltar i ved å presentere ymse frivillige tiltak som eksisterer i kommunen. Vi kan godt arrangere eit møte der vi f.eks. berre har eit par foredrag om tema som er nemnde i denne saka.

 

Sak 8/22 Eldre som ressurs.

            Etter forslag frå Sylvia fatta styret dette vedtaket: “Pensjonistforeninga ved UiT, PUiT, ber LOP kreve at pensjonistenes verdiskaping i form av frivillig arbeid og skatter og avgifter beregnes inn i pensjonsoppgjøret, og at det således blir vedtatt nettokostnader til pensjon.”

 

Tromsø 31.03.2022

 

Tove

ref.

 

 

 

@