REFERAT FRA MEDLEMSMØTE 30.09.15

Her kan du lese referat fra siste medlemsmøte.

Stad: St.Carolus,møterom underetasjen   

Tid: 1300 – 1440

Til stades: 28

Vi starta tradisjonelt med kaffe og rundstykker.

 

  1. Leiar Bitten Linge ønskte velkomen.

 

Først minte ho om medlemskontingenten. Det er framleis fleire som ikkje har betalt for 2015 og ho oppfordra desse til å ordne opp.

Ho orienterte så litt om LOP og minte om saker der LOP har markert seg i vår og haust;

  • LOP var sentral i forhandlingane når det gjeld samordning av pensjon for ektefeller. I budsjettet for 2016 er det foreslått ei justering som vil utgjere kr 4000 på årsbasis, med ei ytterligare justering fra hausten 2016.
  • LOP sa nei til Trygdeoppgjeret i vår og ville ikkje skrive under protokoll fra drøftingane med departementet.  

Til slutt nemnde ho val av representant til eldrerådet.

Styret hadde forslag på  Guri Molden med Kjell Bugge som vara. Det vart tilslutning til dette.

Frå Elen Lein kom det oppmoding om at ein og burde ha forslag til eldrerådet på fylkesnivå. Møtet sa seg samd i dette, men ein fekk ikkje forslag til namn til eit slikt verv. Styret vil freiste finne høveleg person.

 

  1. Guri Molden las dikt.

Ho hadde denne gongen vald ut dikt med referanse til to kjente kvinneskikkelser fra eventyrverda; Tornerose og Kjerringa mot strømmen.

Tornerose fann ein i diktet  Frigjøring av Margrethe Skjelbred.

Kjerringa mot strømmen  vart skildra i dikt av André Bjerke med samme namn som hovedpersonen.

Tankevekkjande dikt begge.

 

  1. Kjell Bugge,styremedlem og kristiansundar, var dagens kåssør. Han fortalde  om Kulturforskjeller mellom Kristiansund og Molde.

Han gav fyrst noko bakgrunn om skilnader mellom kultur og menneske ulike stader i landet, mellom aust og vest, sør og nord, fra innst til ytst og om ytre og indre skilnader.

Bymiljøa i fylket er ulike, noko han meinte var historisk grunna.

Når det gjeld det ytre, er skilnaden meir eller mindre borte, men på det indre plan går endringsprosessane seinare.Dei er meir seigliva å bryte ned.

Moldenserar og kristiansunderar er ulike og ser på kvarandre som ulike.

Bugge skildra kulturar og motkulturar og snakka om ulikskap og utvikling i næringsgrunnlaga i dei to byane.

Medan ein i Molde hadde eit meir stabilt og forutseieleg næringsliv, var det meir konjukturbestemt i nabobyen. Han synte skilnadene med gode døme.

Utanlandske kapitalistar hadde historisk påverkaKristiansund og det var stor skilnad mellom dei såkalla kondisjonerte og allmugen, vanlege folk. Stort klasseskille. Slik var det ikkje i Molde.

I Kristiansund hadde arbeidarkulturen hatt stor innverknad på bylivet og satte standarden for mykje. Dette gjaldt m.a. språket og i kor stor grad denne kulturen hadde påvirka dette. Han fortalde og at det ikkje var skilnad på markeringane av 1. og 17. mai. Politisk hadde Arbeidarpartiet vore det klart dominerande partiet i byen opp gjennom åra.

Han tok så for seg skilnader i levekår og sosiale tilhøve. Han viste til mange områder der skilnadene var merkbare.

Det same gjaldt familieliv og samliv. Når det gjalt levealdertil dømes, var denne tre år høgare i Molde enn i Kristiansund.

Hjå Kristiansundaren heiter det på folkemunne: « En dør tidligar’,men en har det artigar’ mens en levve!»

Væremåten vart skildra. Han synte til nokre slåande døme på dette. Han sa mellom anna at vår kjære avlidne skomakar, Holst, eigentleg burde vore kristiansundar! Det skulle han høyrt!

Bugge avslutta kåseriet sitt med korleis moldenserar og kristiansunderar oppfattar kvarandre, og kor på vakt ein er i nordbyen når det gjeld utvikling av Kristiansund og Nordmøre kontra Molde og Romsdal. Her nemnde han Statens vegvesen, medkontor i Molde, og likeeins Fylkeskonservatoren. Begge fekk passa påskrevne. Her vart vegen over Fursetfjellet og bygging av ei småbåthamn i Kristiansund nemnde som døme på avgjersler som dei meinte favoriserte Molde.

Me humra og lo gjennom kåseriet og kjende att mange av døma på skilnadene mellom folkeslaga i byane våre.

Etterpå fekk tilhøyrerane sleppe til med synspunkt og eigne døme.

Bugge hausta stor fagnad og takk for kåseriet sitt. Det hadde fortent fleire tilhøyrerar.

Leiaren overakte ei påskjøning for innslaget og takka for eit fargerikt og innhaldsrikt foredrag.

  1. Leiaren takka for frammøte og minte om at neste medlemmsmøte vert 18.11. på Molde videregående skole.

 

Morten Lerø

skrivar

 

PS: Styret minner enda ein gong om at fleire ikkje har betalt kontingent for 2015. Gjer dette snarast til konto 9650 27 21140.  Er du i tvil kontakt kasserar Bodil eller skrivar Morten. Kontingenten er  kr 300.

@