Strandhogg på Bjarkøy 19. september 2024

Tore Hunds høvdingsete var ein gong sentralt i leia, i dag ligg det som ein utkant i Harstad kommune. «Velkommen til Øyriket» les du når du køyrer i land frå ferja, og når du kjem fram til sjølve Bjarkøy føler du at du er i eit eige rike – og at det er Harstad, Tromsø og Oslo som ligg avsides.

19. september var LOP Vesterålen på dagstur til dei to sentrale øyene i gamle Bjarkøy kommune. Først til Sandsøy, ein gong hovudøy i Sand herred som skifta namn til Bjarkøy i 1886, dels på grunn av folketalet, men kanskje var det også litt nasjonalromantikk knytt til Tore Hund-namnet.Verre for sandsøyværingane var det at kyrkja blei flytta til Bjarkøy i 1886. Staten styrte. Men var det sentralisering? Trulig skjedde det fordi baptistane fekk fotfeste på Bjarkøy, og den slags måtte ein demma opp for.

Men det var tak i folket på Sandsøy. I løpet av to år reiste bygdefolket ny kyrkje der den gamle hadde stått. Og bygda stilte opp der det trongst. Sanitetsforeninga fekk bygd eit helsehus der legen kunne ha kontordagar, slik fekk dei lege til bygda. På 1970-talet bygde dei helseheim med fellesareal og paviljongar, i dag til utleige for turistar.  Og der fekk gruppa vår servering med mat og ein god dråpe kaffi. Åse Lid Alstadsæter var vertskap og fortalde om bygda.

På Bjarkøy fekk vi så oppleva kyrkja som var frakta over frå Sandsøy, ei imponerande stor tømmerkyrkje som var demontert, frakta over og sett opp igjen på Bjarkøy. Sjølve frakta gjekk med flåte, smått utrulig at det gjekk bra når du ser farvatnet mellom øyane.

Tore Hund såg vi lite til, av den grunn at det er uvisst kor høvdingsetet låg. Mest trulig i Øvergården, som også i dag har gardsbruk og våningshus på ein markert gårdsrygg som har bygd seg opp i landskapet og viser at her har det budd folk før. Plassen ligg høgt med utsyn til alle kantar og kontroll over ferdsla i leia.

Det mest synlige sporet var nausttuftene som viste at storfolk hadde budd på øya. Ut frå arkeologiske funn reknar ein med at skipet som høyrde til i stornaustet var lengre enn Gokstadskipet – berre for å ha det sagt.

Men det budde folk på Bjarkøy også i tidligare tider. Kjentmannen vår, Bjørn-Eirik Johannessen, tok i mot oss ved ei lita innmark med bjørkekratt rundt då vi kom til øya. Vi stussa, det såg ikkje akkurat monumentalt ut. Men så kunne han fortelja at georadar hadde avslørt ein jernalderlandsby på staden, med fleire ovale hus plassert som ringvern rundt eit felles område. Dei rekna med at det kunne ha budd 2-300 menneske der.

Takk til Åse og Bjørn-Eirik som orienterte og viste oss rundt. Dei gav oss forståing for koss eit  maktsentrum kan veksa fram på eit avgrensa geografisk område når natur og levekår gir grunnlag for det.


Geirr Alen Rasmussen, referent

alt

alt

 

@