Vestland

  • Bergen og omland

    LOP Bergen og omland ble stiftet 11. desember 1951 som det andre lokallaget i LOP. Første formann var kapteinløytnant Bernhard M. Frimannslund. Lokallaget omfattet Askøy, Bergen, Sotra, Os, Fusa og Osterøy samt Nordhordalandsregioen med Meland, Lindås og Masfjorden, Laksevåg og Askøy. I dag omfattes ti kommuner av begrepet omland.

    Les mer om Bergen og omland
  • Voss og omland

    Lokallag for  Ulvik, Vaksdal og Voss under Landsforbundet for offentlege pensjonistar. Laget vart skipa 18.september 2003. 1. januar 2026 har laget 157 medlemer.

    Voss og omland LOP har til vanleg to medlemsmøte  pr år. Årsmøte i februar og haustmøte i oktober/november. Møta vert kunngjorde i lokalavisa og med e-post/brev til alle medlemer. Møtestad er Velferdsentralen, 3.etasje i Sosialbygget, sentralt på Vossevangen.

    Dei siste åra har me arrangert ein dagstur utpå hausten i nærmiljøet. I 2025 var det tur til Guddal og Rosendal. Referatet kjem og i Vi i LOP nr.1 2026.

    Laget arrangerer til vanleg ein sommartur med ei overnatting.  I fjor vart det ikkje tur pga. for få påmelde. Me prøvar att i år med tur til Rjukan. Sjå invitasjon under.

    På landsmøtet i juni 2024 vart Knut Farestveit,  noverande skrivar i styret til Voss LOP, vald inn som vararepresentant til sentralstyret. Han deltek ofte på styremøta. 

    Ragnhild Mølster Lidal er vald frå LOP til å vera med i Voss Eldreråd for perioden 2023-2027. Knut Farestveit er vararepresentant.

    Me ynskjer alle som mottek offentleg tenestepensjon hjarteleg velkomne som medlemer i Voss og omland LOP.  Ta kontakt med ein  i styret for meir informasjon.

    Les mer om Voss og omland
@