Uttalelse fra årsmøtet 2023 - «DIGITAL HELE LIVET»

Solbergregjeringa utarbeidde ein «"Nasjonal strategi for økt deltakelse og kompetanse i befolkningen". Eit opplysande og viktig dokument som skulle fylgjast opp med ei handlingsplan frå 2021. 

I strategien blei det opplyst at Noreg er eit av dei mest digitale samfunn i verda. Likevel oppgir 89 prosent i undersøkinga til Kompetanse Noreg at dei i ulik grad opplever eit behov for å styrke sin digitale kompetanse i dagleglivet.

Berre tre prosent brukar ikkje internett, smarttelefon, PC eller nettbrett. Dette utgjer 130 000 personar, i hovudsak seniorar.

Mange av desse vil ikkje bli digitale brukarar.  

Men mange i den store gruppa brukarar ynskjer hjelp til å bli betre.

Mange kjenner seg digitalt sårbare, har manglande generell kompetanse, kjenner på tilgangsbarrierer, byråkratiske utfordringar, har helseutfordringar m.v.

Det er behov for omfattande opplæringstiltak, og  sentrale styresmakter har sett i verk fleire samarbeidstiltak med både private og offentlege aktørar. KS har bl.a. ansvar for ulike opplegg i kommunane. Men desse er ikkje fylgt opp med tilstrekkelege økonomiske ressursar og har ikkje vore tilgjengeleg i alle  kommunar.

Skal ein nå ut til alle som har behov for meir kompetanse, må kommunane få midlar til å tilsette fagfolk til å utvikle differansierte opplegg og kunne nå ut til alle som har behov for meir kompetanse.

Ei handlingsplan må også innehalde konkrete tiltak for folk som kjem til å vere «ikkjedigitale «resten av livet. Det gjeld særleg eldre.

«Her må det eksistere analoge alternativ for å unngå at de havner i « digitalt utenforskap «, som Eldreombudet skriv i brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om tiltaksplan for « Digital hele livet«" i desember 2021.  

LOP Bergen og omland oppmodar regjeringa til å fylgje opp « Digital hele livet « med ressursar og oppdrag til kommunane slik at dei kan makte å tilrettelegge og diffeansiere tilbod for større digital kompetanse blant pensjonistar og andre som treng det.

I lov og regelverk som heimlar privat verksemd og tenester, bl.a. banktenester må det framleis vere høve til personleg oppmøte og telefonservice. Kravet om at bankar skal ha tilrettelagt for kontantar må vidareførast. Innan transportsektoren må det leggast til rette for ikkje digitale billettsystem slik at passasjerar som ikkje er digitale bl.a. har smarttelefon, ikkje blir diskriminerte.   

Av omsyn til alle som ikkje vil bli digitale brukarar, må det stillast krav om analoge løysingar både i offentleg- og privat verksemd.

@