Uttalelse fra årsmøtet 2023 - Pasientreiser – ordning med store manglar
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjend medisinsk eller helserelatert behandling som det offentlege skal dekkja kostnaden for. Kvart år vert det gjennomført rundt ni millionar pasientreiser. For helseforetaka utgjer desse reisene ein kostnad på rundt 2,4 milliardar kroner. Med alle desse pengane skulle me tru at alt var i orden. Slik er det ikkje.
Pasientreiser HF er eigt av dei fire regionale helseføretaka. Årsmøtet meiner at interesse-organisasjonane for eldre bør vera representerte i styret for Pasientreiser HF.
Lang ventetid
Her finst det ein omfattande dokumentasjon. På landsbygda kan det vera snakk om mange timar. NRK Troms og Finnmark (heimesida) meldte tidleg i juli 2022: «Helge (83) gruer seg mer til reisen enn til sykehusbehandling. Helge Utby sier han måtte vente sju timer for skyss hjem, uten tilbud om mat eller drikke.» Også i byar kan ventetida verta lang.
Transporten
Det er oftast mange i same bilen, og det vert lett trongt og vanskeleg for sjuke folk. Med fleire adresser vert turen ofte svært lang for den einskilde. Her er det svært mange døme, også frå Bergen og omland.
Uklare meldingar
Det gjeld sjukehus og legar, men også sjåførar, som ofte ikkje meistrar norsk på ein tilfredsstillande måte. Aktuelle sjåførar kan vera hyggelege, men ofte svært vanskelege å forstå. Eit avgjerande spørsmål er om anbodsordninga med val av drosje er forsvarleg. Lokale drosjeselskap med sjåførar som har god kjennskap til kommunen, vert utkonkurrerte.
Digitale utfordringar
Pasientreiser tek utgangspunkt i at pasientane meistrar det digitale. Mange har ikkje tilgang til Helsenorge. Spesielt vil eldre her ha utfordringar. Det inneber at dei som mest har behov for ordninga med pasientreiser, vil ha store problem når det gjeld utfylling av søknad mm.
Krav om dokumentasjon
Pasientreiser gjeninnfører dokumentasjonskravet: «Fra 1. juni 2022 må du som pasient vise dokumentasjon fra behandleren din for å få dekket tilleggsutgifter som parkering, bom og bilferge hvis du har kjørt bil til behandling.» Det kan vera gode grunnar for dette kravet. Samtidig vil slik byråkratisering stilla nye krav til pasientane, spesielt dei eldre.
Personar med demens
Desse har spesielle utfordringar når det gjeld ordninga med pasientreiser. Meir og mindre tilfeldige drosjesjåførar har ingen føresetnader for å ta seg av personar med demens. Her må regelverket endrast slik at spesialist- og kommunehelsetenesta kan ta ansvar for pasient-reisene til denne sårbare gruppa.
Årsmøtet viser til fråsegna, og ber styret om at ho vert send til statsråd Ingvild Kjerkol og andre relevante mottakarar. Styret bør i oversendinga presisera punkta om personar med demens og om styrerepresentasjon.
Styret