Uttalelse fra årsmøtet 2024 - Aldersdiskriminering i det norske samfunnet

Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP) Bergen og omland viser til at med den sterke auken i talet på eldre aukar også tilfelle av aldersdiskriminering. Det er oftast ikkje snakk om medviten diskriminering frå styresmakter og andre, men korleis eldre opplever dei ulike situasjonane.

OP Bergen og omland vil trekkja fram nokre døme på aldersdiskriminering, først eit meir overordna. Mange, også politikarar, hevdar i dag at dei unge må finansiera dei eldre. Dei ser heilt bort ifrå at eldre har betalt skatt i eit langt yrkesliv, og dei gjer det framleis som pensjonistar.

LOP Bergen og omland ber om at LOP sentralt  følgjer opp denne problemstillinga, m.a. i høve til arbeidet med statsbudsjettet 2025.

 

LOP Bergen og omland vil vidare peika på døme som både gjeld generelt og meir lokalt:
 

Samordningsfella og st.meld. 6 (2023-2024)

Samordningsfella inneber at tenestepensjonen til offentleg tilsette fødde 1944-1962 vert lågare ved at dei held fram med å arbeida etter ordinær aldersgrense. Regjeringa gjer no i stortingsmeldinga framlegg om å endra regelverket for årskulla 1953-1962, men ikkje for kulla 1944-1952. LOP Bergen og omland reagerer sterkt på denne løysinga, som me meiner er gjennomført aldersdiskriminering.
 

Den nasjonale reforma Bu trygt heime

Reforma er utan statlege midlar, og vil stilla kommunane overfor store økonomiske utfordringar, der eldre fort vert taparane.  Dette gjeld ikkje minst fattige kommunar, som ikkje kan setja av midlar til reforma, jf forskjells-Noreg.
 

Manglande sjukeheimsutbygging

Dette gjeld i høg grad også Bergen og omlandskommunane. Politikarane har ikkje teke nok omsyn til at talet på eldre aukar sterkt samtidig som det vert fleire personar med demens.
 

Fastlegeordninga

Fastlegekrisa rammar i særleg grad eldre, m.a. når fastlegen over natta må redusera i  . pasientlista. LOP Bergen og omland veit at dette skuldast eit nasjonalt regelverk. Samtidig saknar me initiativ frå kommunane for å endra dette uverdige opplegget.
 

Eldre og tannhelse

Når eldre kjem i heimeomsorga og på sjukeheim, misser dei tannlegen sin. Kommunen overtek, og det betyr ofte ei dramatisk svekking av tannhelsa til eldre. Det er t.d. dokumentert grove tilfelle i Bergen kommune.
 

Ernæringssituasjonen for eldre

Mange eldre har ein vanskeleg ernæringssituasjon. Det gjeld både i heimeomsorga og på sjukeheimane.
 

Pasientreiser

Ordninga er prega av ventetid og mange i drosjen, noko som spesielt er uheldige for eldre. Kommunane bør engasjera seg på vegner av innbyggjarane for å betra denne nasjonale ordninga.
 

Digitalt utanforskap

Dette gjeld mange eldre og dei fleste samfunnsområda. Døme: 1. Innlogging fastlege og sjukehus. 2. Banktenester. 2. Betaling offentleg transport. 3. Kommunane og kontakten med innbyggjarane. Det meste er digitalt.
 

Styret

@