Haustmøte 22.oktober 2019

Haustmøtet i Voss og omland LOP vert halde tysdag 22.oktober kl 17.00 i Velferdsentralen, 3.etg i Sosialbygget.
Program:
  •  Lækjar Silje Longva Todnem fortel frå arbeidet sitt i katastrofeområdet rundt om i verden. Ho reiser for Røde Kors og har arbeidd i Afrika under Ebola-epidemien, i Asia for rohingafolket i Myanmar, i Syria for flyktningane der, for å nemna noko. Ho er kommunelege på Voss og leiar av den interkommunale legevaktenesta i distriktet.
  • Musikk, utlodding og servering
  • Referat med bilder frå sommarturen til Sunnhordland.
 
Vi ynskjer vel møtt!
@