Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP) Voss og omland  20 år 18.september 2023

18. september 2003 vart det halde skipingsmøte for Voss og omland LOP. Møtet var på Nøring pensjonat, og interimstyret var samansett slik: Halle  Skjervheim leiar, Laila Bryn, John Birkeland, Gunnar Sognefest, Randulf Knotten, Sissel Solstad og Johannes Ohnstad styremedlemer. 

Gunnar Sognefest frå Ulvik fortel slik frå den første tida: ”Eg minnest me starta dette, og eg var glad for å få eit forum der eg kunne møta yrkesvener frå Voss. I dag endar eg mitt nittiåttande år i september, og  no er kontakten min med laget at eg betalar årskontingent presist!”

Ved oppstarten var det alt verva 76 medlemer, i dag er me 187.

Interimstyret heldt fram til årsmøtet i 2004 der og Halle Skjervheim vart vald til leiar.  Vidare har desse vore leiarar i løpet av dei 20 åra : Gunnar Grove, Bjørn Fareth, Ragnhild Mølster Lidal,Torunn Langmyhr Ringheim  og underteikna dette året.

På det første medlemsmøtet var leiar i Bergenslaget, Magne Askeland, med og orienterte om LOP sentralt og kva laget stod for. I paragraf 1 i vedtektene til Voss LOP står det at laget har til føremål  å samla pensjonistar med offentleg tenestepensjon til arbeid for sams interesser. Vidare å informera om offentlege pensjonistar sine vilkår og ivareta deira interesser i saker som gjeld pensjonistrettar. Den paragrafen gjeld i dag og.

alt

Nestleiar og leiar i Voss og omland LOP på stand på Vossalaurdagen 2. september 2023

Kva aktivitetar ynskte så medlemene  det nye laget skulle driva med? Turar var mange interesserte i. Anten dagstur eller med ei overnatting. Det vart  slik at om lag  kvart år skipa laget til ein  tur med ei overnatting. Knut Sæten kom tidleg med i styret og  vart vald til tursjef. Etter at han gjekk ut av styret, har han halde fram som turarrangør heilt til dei siste åra. Med ei overnatting vert det først og fremst turar rundt om på Vestlandet. Mange interessante stader har vore vitja , og mange ukjende kulturopp- levingar  har Knut Sæten  funne fram til. Møtereferata fortel at det tidleg var ynskje om tur til Flor og Fjære i Rogaland, heller lang tur med ei overnatting  Men der har me vore to gonger, i 2007 og 2020.

Ein annan aktivitet Voss LOP har hatt i mange år, er teaterturar til Bergen, ein tur  haust og ein vår. Medlemer frå andre pensjonistlag har og vore med , då me har nytta midlar frå Den kulturelle spaserstokken til å sponsa ein del av teaterbilletten. Buss att og fram, og ofte ein flink norsklærar,  medlem i laget, har snakka om teaterstykket og diktaren på bussen. Veldig mange gode opplevingar. Diverre har dette vore  vanskeleg å få til dei siste åra med stengde tunnelar på kveldstid. Denne hausten vil me difor nytta midlane frå Den kulturelle spaserstokken i nærmiljøet. Meir info seinare.

Elles har me til vanleg haustmøte og årsmøte i februar.

Voss og omland LOP har og vore aktiv med innlegg i ”Hordaland” og brev til administrasjonen i Voss Herad når det gjeld å kjempa for ulike kommunale tilbod for pensjonistane. Nemnast kan vaktmeisterteneste, tilkome til offentlege kontor, få tilbake audiograf på Voss og ikkje minst trygge pasientreiser. Meiner Voss LOP gjorde sitt til at Voss Taxi fekk tilbake oppdraget med pasientreiser m.a. med brev direkte til ansvarlege for tildeling av løyve. Laget har i mange år hatt ein medlem i eldrerådet, og både Kirsten Takvam og Torstein Gunnarson har vore leiarar i rådet .

Det er viktig at offentlege pensjonistar støttar opp om ein organisasjon som arbeider for at medlemene skal få den pensjonen dei har rett på. LOP sentralt har i lag med ein del andre pensjonistorganisasjonar drøftingsrett med regjering og storting om trygdeoppgjera og statsbudsjettet.

Her må og nemnast den uretten som råkar offentlege pensjonistar  som vil arbeida etter pensjonsalder. Nestleiar i LOP sentralt og styremedlem i Bergen LOP, Nils Mæhle, arbeider spesielt med denne saka. Han kallar det for samordningsfella og skriv at det har vorte gjeve inntrykk av at reduksjon i offentleg tenestepensjon vert  motverka av tilsvarande auke i alderspensjon frå folketrygda. Dette er ikkje rett.  Nils Mæhle arbeider for å få Stortinget til å gjera  nytt vedtak  i saka. Mange politikarar meiner at i dag  bør fleire  arbeida etter  fylte70 år.. Då må samordningsfella bort! Og vit at det er ikkje andre organisasjonar enn LOP som arbeider spesielt for dei offentlege pensjonistane.

Måndag 18.sept. kl. 17.00 vil me ha 20 års feiring i Velferdssentralen. Nestleiar i LOP sentralt, Nils Mæhle, vil vera med  - og det vonar me mange medlemer vil og. Sjå elles lysing i avisa.

 

 For styret i Voss og omland LOP

 Gunnvor Børsheim Lindland, leiar

@