Referat årsmøtet 2012

Referat frå årsmøte torsdag 16. februar 2012
 
Årsmøtet for Voss og omland LOP vart halde i Velfredsentralen i Sosialbygget torsdag 16. februar kl. 17.00. Det var 25 frammøtte.

Møte opna med vakker song og pianospel av Dorthea Bergo og Malena Breistein, elevar ved Musikklina ved Voss gymnas. Dei vart akkompagnert  av lærarene Nina Brunvoll og Astrid Gjestvang.

Leiar Bjørn Fareth ynskte så vel møtt til årsmøte.

Prost i Hardanger og Voss prosti, Arild Hellesøy, fekk så ordet og fortalde levande frå «eit presteliv i nord». Han var prest i Finnmark i mange år. Han fortalde om tradisjonar som dåp, konfirmasjon, forlving, bryllaup og gudsteneste hjå det samiske folket i m.a. Lakselv og Kautokeino. Hellesøy lærde seg samisk og son ein kjend salme for oss på samisk.

Etter matøkta fekk Johannes Bolstad ordet. Bolstad er bsuatt i Os og har arbeidd ved fleire vidaregåande skular i beregnsområdet, sist som rektor ved Kronsminde vidaregåande skule. Han har og vore konsulent ved Opplæringsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune. Han er no medlem i sentralstyret i LOP og kom rett frå sentralstyremøte i Oslo. Han fortalde korleis sentralstyret er bygd opp og arbeider, og litt om aktuelle saker, Auking av medlemstalet er ei svært viktig oppgåve. Viktig å ha eldsjeler i lokallaga som arbeider med dette. Medlemstalet på landsbasis har gått ned. Vårt lokallag har ein stabil medlemsmasse og er eit aktivt lag, dette var han imponert over. Andre saker er at ein ynskjer å styrkja sekretariatet i Oslo med ein fast deltidsstilling. Forhold til andre organisasjonar; LOP har eit nært samarbeid med Unio i forhandlings- og lønsspørsmål.
Både Arild Hellesøy og Johannes Bolstad fekk ei spekepølse frå Evanger som takk.

Over til sjølve årsmøtet:
Konstituering:
Møteleiar: Bjørn Fareth. Referent: Ragnhild Mølster Lidal. Teljekorps: Hans Grove og Eldbjørg Foldnes Finne. Til å underskriva møteprotokollen: Valborg Gulbrandsen og Torbjørn Dyrvik. Alle vart valde med akklamasjon. Det var ingen motkandidatar.
Det var ingen marknader til innkallinga.
Det var ingen merknader til saklista.

Årsmelding for 2011: Bjørn Fareth las årsmeldinga. Ingen merknader.
Rekneskap for 2011 og budsjettframlegg for 2012: Kasserar Ivar Lindland gjekk gjennom rekneskapen for 2011 og budsjettframlegget frå styret for 2012. Rekneskapen er revidert utan merknader av revisor Gunnar Grove. Det var ingen merknader.

Val: valnemnda har hatt følgjande medlemer: Torbjørn Dyrvik, Guri Mossige og Astrid Underdal. Torbjørn Dyrvik la fram valnemnda sitt framlegg.
Revisorar har vore Gunnar grove og Arve Søgård. Desse er valde for 1 år. Begge ynskte attval. Gunnar Grove og Arve Søgård vart samrøystes valde som revisorar for 1 år.
Varamedlemer til styret, valde for 1 år, har vore reidar Reime, Gunnhild K. Hansen og Kjell Ove Baardtvedt. Gunnhild K. Hansen og Kjell Ove Baardtevdt ynskte ikkje attval. Framlegg om Asbjørn Tvedt som som ny vararepresentant. Reidar Reime, Inger Bjørgo og Asbjørn Tvedt vart samrøystes valde som varamedlemer til styret for 1 år.

Styret har vore
Leiar Bjørn Fareth på val for 1 år
Gunnvor Børsheim Lindland på val for 2 år, Ragnhild Mølster Lidal på val for 2 år, Hans Grove på val. Han ynskte ikkje attval. Som ny vart Bjørg Draugsvoll foreslege. Eldbjørg Foldnes Finne ikkje på val. Ivar Lindland ikkje på val. Ola Folkestad ikkje på val.
Bjørn Fareth attval som leiar for 1 år. Gunnvor Børsheim Lindland attval for 2 år. Ragnhild Mølster Lidal attval for 2 år. Bjørg Draugsvoll, ny, vald for 2 år. Eldbjørg Foldnes Finne, ikkje på val. Ivar Lindland, ikkje på val. Ola Folkestad, ikkje på val.
Valnemnd har vore: Torbjørn Dyrvik (ikkje på val – 2 år att), Astrid Underdal (ikkje på val – 1 år att), Guri Mossige (på val – ynskte ikkje attval). Framlegg til ny: Britt Hernes for 3 år. Vara: Turid Gjelstein for 1 år. Etter valet: Torbjørn Underdal (ikkje på val – 2 år att), Astrid Underdal (ikkje på val 2 år att), Britt Hernes (vald for 3 år). Vara: Turid gjelstein vald for 1 år.
Alle vala var ved akklamasjon og utan motkandidatar.
Planar for 2012
Årets tur går til Ytre Sogn i månadskiftet mai/juni. Turleiar Knut Sætan. Meir info kjem.

Kurs:
Digitalt fotokurs ved fotograf Kjell Herheim.
Oppfriskningskurs for bilførarar 65+ ved sjåførlærar Lars Konrad Bonsakssen
Møte/seminar om økonomi for pensjonistar ved prof. em. Terje Hansen frå NHH.
Nytt kurs i slektsgransking vert arrangert til hausten.
Meir info om alle kursa vert sendt til medlemene i god tid før påmelding.

Teatertur 1. mars til DNS for å sjå B. Brecht sitt kjende stykke Mor Courage og barna hennes. Info vert sendt ut til alle medlemer. Påmelding innan torsdag 22. februar. Gunnar Schei orienterer om stykket i bussen. Pris ca kr 500.
Møtet slutt kl. 20.00
Ragnhild Mølster Lidal, referent    Valborg Gulbrandsen    Torbjørn Dyrvik

@