REFERAT FRÅ HAUSTMØTET 2015

Haustmøtet 2015 vart halde i Velferdssentralen i Sosialbygget måndag 16.nov. kl. 17.00. 31 medlemmer møtte, i tillegg til to foredragshaldarar.

Leiaren Ragnhild Mølster Lidal opna møtet og ynskte velkommen. Så ei kort orientering om programmet for møtet.

Møtelyden song ”Det som ein gong var”, før varabrannsjef Geir Ove Pedersen og avd.-leiar i el-tilsynet Per Fosse heldt interessante og grundige foredrag om brannvern i heimen.

Den mest utsette staden er komfyren. Ein gløymer at plater står på, og brann startar. Alle burde ha montert komfyrvakt som kuttar straumen før slikt skjer. Oske med glør i er og ein skummel brannstartar. Røykvarslarar og brannslokkarar skal finnast i alle heimar. Ein bør kontrollera lamper, ledningar, elektriske apparat og sikringar med gjevne mellomrom, ta ut stikkontaktar til kaffetraktar, vassvarmar og ladarar. Kontakta elektrikar eller brannvernet om ein mistenkjer at noko er gale.

Om ein vil ha meir informasjon, kan ein gå inn på www.sikkerhverdag.no eller www.elsikkerhetsportalen.no

Etter kaffe med snittar fortalte Kirsten Takvam om arbeidet i Eldrerådet. Ho er LOP sin representant i rådet. Dei har forslagsrett, men ikkje vedtaksrett til kommunestyret. 1. okt. er Eldre-dagen. Då arrangerte dei fest for eldre på Park, og heile 160 personar møtte opp. Det er Eldrerådet som fordeler pengar frå ”Den kulturelle spaserstokken”. Siste året fekk LOP 5000 kroner. Dei vart nytta som tilskot til teaterturen vår.

Rådet føreslår til kommunen plassering av eldreheimar, krev rullestoltilgang til alle offentlege bygningar, og omsorgsplassar for eldre som vil stelle seg sjølv lengst mogeleg. Ullabutomta er foreslått utbygd om som eldrebustad, som ein av fleire sentrale bustader for folk oppi åra.

Strandområdet ved Kulturhuset vil dei ha avsett som uteplass for eldre. Planteikning er ut-arbeidd, og material til bord/benker er kjøpt inn.

Eit problem er middagsmaten til dei eldre, som dei får frå Bergen. Det er sterkt ynskjeleg at maten vert kokt  til dagen på Voss. Ikkje berre næringsrik mat, men også at han er delikat og nykokt er viktig for dei som skal eta han kvar dag.

Ivar synte bilete frå haustturen til Lom.  Han starta med eit kort tilbakeblikk på alle turane heilt frå 2008 – kjekt! Den siste turen var fint fotografert, slikt motiverer for å vere med på neste turen til Knut Sæten.

Så orienterte leiaren Ragnhild om nytt frå LOP. Leiaren i Sentralstyret Isak Rosenvold har trekt seg med umiddelbar verknad, truleg etter konflikt med dagleg leiar Kari Woldseth. Nest-leiar Torhild Ofstad har overteke som leiar.

Johannes Bolstad svarte uklårt på spørsmål om pensjonsoppgjeret då han var her i februar. Dette oppgjeret gjekk ikkje slik vi ynskte, men han helsar med at dei arbeider vidare med saka.

LOP er i samtale med Utdanningsforbundet om nærare samarbeid. Det gjev meir tyngde når ein er fleire lag saman.

Stortingsmeldinga om skattereform favoriserer helst dei som er i arbeid, ikkje oss. Meir stoff om dette og anna finn ein på www.lop.no.

LOKALT: Marta Lindland har no teke på seg oppgåva som den representanten vi mangla i valnemnda. Planane for det vidare arbeidet vårt er som før: to medlemsmøte, sommartur og to teaterturar.

Teaterturen i haust var til  ”Sånne som oss” av Frode Grytten. Audun Lødemel orienterte  ein full buss på turen ned om forfattaren og stykket. Plan for teatertur neste vår er diverre ikkje klar enno. Vi søker som vanleg om støtte frå ”Spaserstokken” til turen.

Ivar opplyste at vi hadde fått 25 nye medlemmer siste året. Men vi er framleis interesserte i nye pensjonist-medlemmer. Det same gjeld nye e-postadresser frå dei som ikkje enno har levert sin til Ivar.

Så song vi ”Blant alle lande” ,  før formannen taka for laget og ynskte vel heim.

@