Referat frå Voss og omland sitt 20-årsjubileum 18. september 2023

Jubileet vart halde i Velferdssentralen i Sosialbygget på Voss.  Om lag 40 medlemer møtte. Leiaren i laget, Gunnvor Børsheim Lindland, leia festen, og ynskte velkomen. Kirsten Gjersvik opna med å framføra eit stev ho hadde lært av bestemor si.

Deretter fortalde Gunnvor om starten av laget og viktige aktivitetar i løpet av dei 20 åra. Ho hadde fått ein del informasjon frå  oppstarten av ein av medlemene i interrimstyret , Gunnar Sognefest frå Ulvik  Nærare 99 år og framleis medlem, men kunne ikkje vera til stades. Leiar i interrimstyret var Halle Skjervheim, som heldt fram som leiar til slutten av 2006 då han diverre omkom. Vidare var Gunnar Grove  leiar i 4 år, Bjørn Fareth i 2 år (ikkje til stades), Ragnhild Mølster Lidal i 9 år og Torunn Langmyhr Ringheim i 1 år. Alle tidlegare leiarar som var til stades , fekk overrekt blomar. Det fekk og Kirsten Takvam som var medlem i det fyrste styret og har vore leiar i eldrerådet, og Ivar Lindland som var kasserar i laget i 14 år og har dessutan laga og oppdatert  Voss LOP sin  vervefoldar.

alt

Frå venstre: Ragnhild Mølster Lidal leiar i 9 år, Torunn Langmyhr Ringheim leiar i 1 år, Gunnar Grove leiar i 4 år og noverande leiar Gunnvor Børsheim Lindland.
 

Kva aktivitetar har så laget drive med i dei 20 åra?  Det kom tidleg opp  ynskje om turar, både dagsturar og  med ei overnatting, og det har  vorte arrangert. Det har og vore teaterturar til Bergen, sjølvsagt medlemsmøte, og innlegg i lokalpressa om saker som er viktige for pensjonistar. Laget har hatt medlemer i eldrerådet , og  fleire av dei har vore  leiar i rådet..

Nils Mæhle som er nestleiar i LOP sentralt, helsa frå sentralstyret i LOP  og orienterte om organisasjonen. Han sa m.a. at LOP arbeider for at offentlege pensjonistar skal ha den pensjonen dei har rett på etter å ha betalt til Statens Pensjonskasse gjennom det yrkesaktive livet. Andre pensjonistar må få auka pensjonen sin gjennom statsbudsjettet.  Han fortalde og om organisasjonsprosjektet som LOP skal starta opp med.

alt

Så var det servering av snittar og marsipankake.

Leiaren i Bergen LOP, Åge Rosnes, helsa frå laget.  Medlemene i Voss og omland LOP er velkomne på medlemsmøta deira på Hotel Terminus i Bergen og på  medlemsturane.

Det vart orientert om turen som Voss og omland LOP skal ha til Ulvik/Osa 17. oktober, og det var høve til påmelding.

Ny medlem frå LOP til eldrerådet på Voss vert Ragnhild Mølster Lidal. Knut Farestveit vert varamedlem

Alle som var til stades hadde fått utdelt eit lodd, og  jubileet vart avslutta med utlodding av blomar og ei stor fruktkorg .  

 

Knut Farestveit, referent

@