Tur til Osterøy

Torsdag 27. august 2026 reiste 37 vossingar på busstur til Osterøy. Dei fleste medlemmer i Voss og omland LOP, men og andre fekk delta.      

Me var heldige med opphald og fint ver den dagen, kjekkare  enn å reisa i regnver som me hadde hatt nok av utover sommaren. Lokalkjend guide var med på bussen, Bernt Daltveit som bur på Voss , medlem i LOP og oppvaksen på Osterøy med førstehands kjennskap til geografi og historie om øya. Etter kvart som me  såg Osterøy, kunne han fortelja om namn på gardar, kven eigarane var, og elles mykje historie  med årstal knytt til -sjølvsagt utan manuskript.

Første stoppen var  Mjøsvågen Landhandleri der me fekk ein kopp kaffi og nysteikt bolle på bryggja. Ein del handla seg geitost laga på ein gard like ved.

Neste stopp var ved Norlender Knitwear A/S, gamal familiebedrift der barnebarnet til han som starta opp no var leiar. Der stod enno gamle strikkemaskinar inne i fabrikken, men og nye datastyrde som dei no strikka på, mykje genserar. Dei hadde og eit utsal der det var høve å handla.  

Køyreturen fortsette til Fotlandsvåg, deretter utover til Tyssebotn med stopp på Tøsse Mølle. Heile tida heldt guiden vår oss oppdatert om namn på stader me reiste forbi, og  kva bedrifter som heldt til i mange store bygg me såg frå bussvindauga. Osterøy er kjend for å ha mange små bedrifter.

 Tøsse Mølle er ein gamal fabrikk med ein heller sliten bygning , men produserte framleis Tøsse havregryn på sin spesielle måte. Diverre fekk dei ikkje levera til dei store leverandørane, så det er ikkje så mange butikkar som har havregrynet i hyllene. Eigaren var 88 år og  temmeleg sprek. Kom kanskje av at han åt ein tallerken havregryn med  heilmjølk  kvar morgon. Her var det og høve til å kjøpa med seg ymse typar havregryn produsert på Tøsse Mølle, og eit øl som sonen hadde starta å produsera.

Vidare gjekk turen til Kleiveland gard i Tyssebotn på ein smal veg  bygd så seint som i 1983. Eigaren på garden hadde laga om løa til selskapslokale der me vart servert ein god lunsj. Me fekk og både forteljing og lysbilete om laksegiljane som det var mange av langs fjorden i Tyssebotn.

Heimatt køyrde me til  Valestrandsfossen og ferja over til Breistein. På vegen dit reiste me forbi Ole Bull huset, men hadde ikkje høve til stopp der denne gongen.

Det var ein svært vellukka tur , så stor takk til turansvarleg  Astrid  og mannen Einar, og Bernt Daltveit for alt me fekk vita om Osterøy.

Voss, 10.10. 2026
Referent Gunnvor Børsheim Lindland, leiar Voss og omland Voss

alt

 

@