Tur til Øystese og Strandebarm

Som det var nemnt i medlemsinformasjonen sendt ut i mars 2024 vil det verta arrangert tur med buss til Øystese og Strandebarm torsdag 3.oktober 2024. Turen startar frå Holbergsplass kl. 8.30.


I høve til det som er sendt ut tidlegare, vert første stopp i Strandebarm, på Jon Fosse - huset.   Grunnen er at ingen av styremedlemene i Jon Fosse stiftinga kunne ta i mot oss på etter -middagen. Der vil det verta fortalt både om Jon Fosse og stiftinga saman med vising av lysbilde. Det er og høve til å få kjøpt bøker, t-skjorter, nett, koppar m.m.

Vidare køyrer me til Hallvardsnaustet som ligg ikkje så langt frå Fosse-huset.

Eigaren Helge Raknes vil  fortelja litt om huset og maten dei serverer, og me vil få servert ein god lunsj.

Så vert siste stopp på turen Kabuso i Øystese. Omvising på den nye utstillinga av Brynhild Grødeland Winther, opna 30.09. 24 og på Ingebrigt Vik museet. Tilbake på Voss ca. 17.30.
 

Påmelding  til tlf. 95967184 eller epost gunnvorbl@gmail.com  seinast 25. september 2024.

Pris for medlemer  800,- kr, for andre 900,- kr. Medlemer har førerett om bussen vert full.

Betaling innan 01. oktober. 2024  til  konto  3480 11 39886.

 

Styret i Voss og omland LOP

@