Tur til Rjukan med Voss og omland LOP og Forsvarsforeininga på Voss

27. mai 2026 reiste 41 personar frå Voss LOP og Voss forsvarsforeining på tur til Rjukan.

Busstur frå Voss til Kvandal, over med ferje til Utne og vidare langs Sørfjorden til Odda,Røldal og Haukeligrend der me stoppa for kaffi og nysteikt bolle.

Tok av frå Haukeligrend til Møsvatn, forbi Rauland og til Rjukan der me køyrde opp mot Gaustatoppen for å ta Gaustabanen opp til toppen. Det var ei spesiell oppleving å følgja banen i ei vogn liknande Fløybanen i Bergen, og vidare i ein ny bane rett opp til topps. Der enda me oppe i lytte -og sendesalen for lunsj, og etterpå historieforteljing om det tidlegare Natoanlegget. Det vart og tid til å ta ein tur ut på platået oppe på Gausta-toppen i fint ver og flott utsikt trass i kald vind.

Så var det ned att med dei to ulike banane. Vidare med buss til Gaustablikk Fjellresort for middag og overnatting.

Neste dag køyrde me vidare til Vemork med vitjing på Industriarbeidarmuseet der me fekk omvising og foredrag med bilete til. Så kunne me gå i  tungtvannskjellaren på eiga hand der ein m.a. kunne sjå video om operasjonen på Vemork. Svært interessante omvisingar med gode forteljarar både på Natoanlegget og Vemork.

Lunsj var tinga på Vestlia, Geilo så det var berre å setja seg på bussen for heimreise om Imingfjell til Geilo. Etter ein god lunsj på Vestlia med bilettaking utafor gjekk turen heim att til Voss over Hardangervidda.

Fint ver begge dagane og framifrå godt opplagt program, så det var svært nøgde turdeltakarar som gjekk av bussen då me var heime på Voss . Stor takk til Astrid, turansvarleg i styret, og mannen Einar for ein vellukka tur.

 

Voss, 24. juni 2026, 
Referent  Gunnvor Børsheim Lindland,  leiar Voss og omland LOP

alt

@