Tur til  Strandebarm og Øystese

3. oktober reiste 38 vossingar, både LOP-medlemmer og andre frå Voss, til Strandebarm i fint haustver. Første stopp var Strandebarm og Jon Fosse-huset.

Me kunne sjå bort til staden der Jon Fosse voks opp, heimehuset og tilhøyrande naust nede ved fjorden. Mora hadde budd der heilt til nyleg men var no flytta til omsorgsheimen. Leiaren kunne elles fortelja at denne dagen var Jon Fosse på vitjing til mora.

Inne i huset var første etasjen dekorert med  bilete og avisteikningar av Jon Fosse , plakatar frå mange teater både norske og utanlandske som fortalde om oppsetjingar av teaterstykka hans, og andre bilete knytta til diktaren. Dessutan hang det og mange tekstilar omkring på veggene der Åse Ljones, som er tekstilkunstnar,  hadde brodert inn Fosse-tekstar. I andre etasjen var det utsal av Jon Fosse sine bøker og ymse effektar med tekstar av diktaren. Der var det  høve til å ha foredrag , underhaldning og framsyning av film, video m.m.

Svein Ove Duesund hadde truleg samla det meste av ulike opptak med Jon Fosse, både der han vart intervjua eller der andre fortalde om han. Me fekk høyra fleire intervju frå norsk og svensk tv, men det mest spesielle var eit intervju han hadde kome over  tre dagar tidlegare frå ein kanal i USA der ein ung mann i Biden-administrasjonen fortalde at han hadde starta å lesa ei bok av Jon Fosse. Ganske utruleg at ein harding frå vesle Strandebarm er kjend i heile verda. Eit prisverdig arbeid Fossestiftinga har sett i gang med. Dei har nok tankar om vidare arbeid med senteret.

Så var det klart for lunsj i Hallvardsnaustet, ikkje så langt frå Fossehuset.  Det har vore eit gamalt båtbyggeri der dei laga livbåtar til  Fjellstrand-båtane.  For ein del år sidan vart det gjort om til serveringsstad. Framifrå mat og triveleg stad  heilt nede ved sjøkanten.

Siste post på programmet var Kunsthuset Kabuso  i Øystese der me såg på utstillinga Heimsyn til Brynhild Grødeland Winther  og var innom Ingebrikt Vik museet. Winther hadde teikna bilete på store flater, som var sett saman og dekte ein  langvegg på 35 m.

Ulike motiv frå Hardanger, men og andre stader i Noreg der ho hadde budd. Mykje å studera. Ingebrikt Vik var bilethoggar, kanskje ikkje så kjend utanom Hardanger, men har mange fine verk , både  statuer og byster. På utstillinga kunne me m.a. sjå statuer av Henrik Abel og Camilla Collett.

Eg trur me alle hadde mange gode inntrykk å ta med heim att til Voss.

 

Gunnvor Børsheim Lindland
leiar Voss og omland LOP

 

alt

Frå Hallvardsnaustet. Det brune oppe på veggen til venstre er modell av livbåtane dei laga når det var båtbyggeri her.

alt

Astrid  Skiple, Astrid Såkvitne og Torunn L . Ringheim framfor en skulptur av Ingebrigt Vik

@