Tur til Ulvik og Osa 17.oktober

Voss og omland LOP med tur til Ulvik og Osa 17.oktober 2023

Kl. 9.00   Avgang frå Holbergsplass med buss.

Kl. 10.00 Omvising på Haugesenteret i Ulvik.

Ca kl. 11.30 Omvising i den restaurerte ”Skeie - mylna”  .

Kl.12.30  Lunsj på Lekve Gard,  Hardanger Saft- og Siderfabrikk.

                Betasuppe m/ brød.  Kaffi.  Høve til  handel.

Ca. kl. 14.00  Vidare til Osa. Ivar Osa  fortel om grenda, m.a. om den store utbygginga av tyskarane under krigen. Han viser og ein film. Me held til i Grendahuset, tidlegare skulen i Osa.

                        Servering av kaffi og litt inntil.

 

Reknar med å vera attende på Voss kl. 17.00

Det vert brukt tildelte midlar frå den kulturelle spaserstokken til betaling på Haugesenteret, omvisning på ”Skeie- mylna” og leige av skulehuset i Osa. Turen må lysast ut at den er open for alle intereserte, ikkje berre medlemer  i LOP, sidan me nyttar kulturmidlar til å dekka ein del utlegg. Dette vert i staden for teatertur til Bergen, som me har arrangert tidlegare år.

 

Pris for turen : Kr. 650,-

Betalast til konto : 3480 1139886        Påmelding innan 10.okt.  til tlf. 95967184

 

Styret i Voss og omland LOP

@