Voss og omland LOP på  tur til Fedje og Nordhordland

28.mai 2024 reiste 25 vossingar avgarde i buss mot øya Fedje og ferjeleiet på Sævrøy. Regnbygene som hadde vore om morgonen var borte, og sjøen låg roleg framfor oss, ikkje alltid det er tilfelle der ute.

Første stopp på øya var Fedje Landhandleri der det vart servert kaffi og ein Fedjebolle. Her var det ymse å handla for dei som ville det, og det var mogeleg å få kjøpt kvalkjøt.

Turleiar Einar var ein dyktig sjåfør då me køyrde vidare på dei smale vegane på øya. 

Neste stopp var Trafikkstasjonen på Fedje, ein av Kystverket sine 5 slike  i landet. Derifrå vert all båttrafikk  frå og til Bergen styrt, samt at dei har kontroll på alle store oljetankarar til og frå Sture og Mongstad. Ein av dei tilsette trafikkbetjentane  fortalde om arbeidet på stasjonen, m.a. var det deira oppgåve å ordna los for skipa som trong det.

Denne dagen var det ualminneleg roleg ver med alle små øyar og holmar i leia godt synlege. Men når kuling og storm tok over stod alt i eitt kok og berre byljer var å sjå i skipsleia.

Turen gjekk vidare på smale vegar til Hellisøy fyr som låg heilt på utsida av øya. Det var stopp for lunsj der me og fekk informasjon om gin-produksjonen som har starta opp på Fedje. Gryndarane har til og med fått pris i London for  ginen sin. Overnatting og middag var på Westland Hotell  i Lindås, ikkje så langt frå Mongstad.

Neste dag var det tilbake  til Radøy der me stoppa på Vestnorsk  utvandrarmuseum på Sletta.

Omvisinga starta i kyrkja som er ei gåve frå immigrantar i Minnesota. Me fekk sjå ein video som viste arbeidet med å ta ned den ganske store kyrkja del for del, og oppattreisinga på Sletta. Veldig mykje av arbeidet var gjort på dugnad.

Vidare er der ein liten landsby med  fleire autentiske bygningar frå  Midtvesten, m.a. bustadhus, skulestove og eit fengsel.

Siste stopp på turen var Hillesvåg Ullveveri der det var butikkutsal med både garn , klede og mykje meir. Dei som var spesielt interesserte, kunne studera dei gamle maskinane som framleis var i bruk til karding  og spinning.

Så var det å setja kursen heim att til Voss.

Takk til Astrid og Einar for ein opplevingsrik og  interessant tur !

 

Gunnvor Børsheim Lindland, leiar Voss og omland LOP

 

alt

alt

@