Voss og omland LOP på tur til Guddal og Rosendal
Der vart me varmt tekne i mot av eigaren, Gøril Guddal, som viste oss rundt i tunet og fortalde om dei gamle husa me såg, vidare til eit nytt utstillingslokale med arbeid av to kunstnarar. No var utstillarane glaskunstnar Ulla Mari Brantenberg frå Porsgrunn og målar, grafikar og skulptør Tore Hansen frå Finnskogen.
Det var og god tid å gå rundt på eiga hand og sjå på utstillingane og ikkje minst innom butikken med ulike kunstprodukt. Og mange handla med seg både måleri og anna heim. Så fekk me servert lunsj i kafeen, kyllingsuppe med brød og kaffi til.
Turen gjekk vidare til Baroniet i Rosendal der me fekk framifrå omvising i den delen av huset det er tilgang til Det var tid til ein tur i rosehagen og kake og kaffi i kafeen til slutt.
Turen heimatt til Voss gjekk på austsida av fjorden og over Hardangerbrua utan at det var trafikkkork denne ettermiddagen. Gode tilbakemeldingar frå turdeltakarane at det hadde vore ein triveleg og vellukka tur.
Referent Gunnvor Børsheim Lindland
Leiar Voss og omland LOP