Voss og omland LOP på tur til Ulvik og Osa

Dette året vart midlane frå Den kulturelle spaserstokken nytta til kulturopplevingar i nærmiljøet. 17. okt. reiste 29 både LOP-medlemer og andre i buss til Haugesenteret i Ulvik . Med 3 frå bygda i tillegg var det i alt 32 deltakarar på turen.

alt

Leiar i Venelaget Mylnefolket Hildeborg Dalaker og turdeltakar Johannes Gravelsæter i 1.etg i Skeie  Mylna. Bak dei ser me posar der det malne  mjølet kjem ned.
 

alt

Lunsj på Lekve Gard. I framgrunnen eit utval av sidertypane og brennevin/likør som vert produsert på garden.

 

På Haugesenteret vart det  fortalt både  om diktaren Olav H. Hauge og diktinga hans. Me fekk og sjå ein film der han sjølv las dikt og fortalde.  Vidare kunne me gå rundt i ei spennande  utstilling der me kunne både lesa dikt og høyra dikt opplesne i ein telefon.

Neste post på programmet var  Skeie-Mylna, ei gammel mylne der både hus og maskineri er restaurert  så det er mogeleg å mala korn att. I tillegg til ein del offentlege tilskot er det lagt ned ein utruleg dugnadsinnsats . Leiar i Venelaget  Mylnefolket , Hildeborg Dalaker, var med og fortalde og viste oss rundt i alle fire etasjane .

Då var på tide med litt mat, og me køyrde inn til Lekve Gard, Hardanger Saft og Siderfabrikk. Der vart me servert kjempegod betasuppe med kjøt og grønsaker frå bygda.  Garden er ein av dei tre på Siderruta i bygda, og eigar Nils Lekve fortalde  litt om utviklinga av siderproduksjonen sin. Og det var høve til handel for dei som ville det.

Siste stopp på ruta var Osa, der Ivar Osa tok i mot oss i Grendahuset  som var tidlegare skulehus. Ivar Osa fortalde og viste bilete frå planar og arbeid med det dei trudde skulle verta ei stor kraftutbygging i grenda. Osa skulle verta ein by med 6000 innbyggjarar! Dette var på 1920talet. Men det heile stoppa opp grunna pengemangel. Under andre verdskrigen  arbeidde  tyskarane vidare med kraftutbyggingsplanane med  mange nordmenn  i arbeid, men det vart ingen produksjon.  Vatnet vart aldri nytta i Osa, men seinare ført over til Eidfjord  der Sima kraftverk vart bygt.

Så var det kaffi og eplekake før me sette turen til Voss att.

Etter mykje regn tidlegare på dagen kom sola endeleg fram før me forlet Osa.

  

Gunnvor Børsheim Lindland, leiar Voss og omland LOP

@